Av Mari Stølen
Bwana asifiwe!
Kenya… Så mykje meir enn løver, masaikrigarar, kvite strender, hungersnaud og store slumområde. Det har vore mitt heimland i nesten fem månader og heimreisa nærmar seg med stormskritt. Det har vore kjekt og lærerikt å vera her. Målet med utvekslinga til Laget er å forandre studentar for resten av livet og det målet trur eg er nådd. Dette opphaldet har satt sine spor.
Me ser nyheiter på TV om hungersnauda nord i landet. Har høyrt rykte om at Kjell Magne Bondevik har vore på besøk som utsending for FN. Tørt er det her, men me har vatn i springen og mat på bordet. Regntida står for døra og det etterlengta regnet har akkurat starta.
Studentrørsla her heiter FOCUS (Fellowship of Christian Unions). Det er ei stor rørsle med mange studentlag og mange involverte og engasjerte studentar. Målet til FOCUS er å nå alle studentar med evangeliet og utruste dei til teneste. FOCUS vil ikkje berre gje studentane eit kristent fellesskap på studiestaden, men utruste dei til utfordringane dei møter utanfor universiteta og høgskulene. Evangelisering, disippelgjering, misjon og leiartrening er område der dei satsar på å utvikle studentane. Dei jobbar mot å utvikle engasjerte menneske som gjer ein innsats for å forandre kyrkja og samfunnet der dei er til det betre. Leiarane i studentlaga får god opplæring og oppfylging. Dagens studentar vert framtidas leiarar, difor er det viktig å utvikle gode leiarar som har integritet, særleg i eit land der korrupsjon er eit stort problem. FOCUS har samfunnet i tankane og vil at arbeidet deira skal få ringverknader langt utanfor studiestadene.

Studentlaga er store og det er mykje som skjer. Det er fleire kveldsmøte kvar veke og gudstenester på søndagar. Møta i eit kenyansk studentlag har eit betydeleg høgare lydnivå enn dei fleste nordmenn er vane med. Her er ikkje kyrkja ein stad der ein skal vera stille, men ein stad der ein priser Gud med song, dans og jubel. Studentlaga har også bibelgrupper, kor og dramagruppe og for morgonfuglane er det samling kvar einaste dag før frukost. Dei fleste studentlag arrangerer misjonsturar. Dei har også seminar, idrett og leik og andre aktivitetar. Studentane bur på skuleområdet som vert eit eige lite samfunn i seg sjølv. Studentlaget blir som ei kyrkje for mange så lenge dei går på universitet uavhengig av kva bakgrunn og kyrkjesamfunn dei kjem frå. Noko av fordelen med det er at dei kan prege studentmiljøet på ein heilt spesiell måte og dei står saman om å nå ut til medstudentane sine.
I tre månader var eg og Marianne Røed i Nyeri der me budde på ein lærarhøgskule. Me jobba saman med Millicent Kiruki som er eittåring for FOCUS. Det er fleire høgskular i distriktet og me reiste rundt og var med på aktivitetane til studentlaga. Me var der for å lære av studentane og sjå korleis studentlaga fungerer. Mesteparten av tida brukte me saman med studentane, snakke saman, drikke te, hjelpe til på dugnad og dele erfaringar. Rett og slett verta kjent med kvarandre og kulturane me kjem frå.
Noko av det som har gjort inntrykk på meg er plassen Bibelen har i livet deira. Dei sett pris på Guds ord på ein heilt anna måte enn me gjer i Noreg. Eg er også imponert over kor inkluderande og gjestfrie alle er her. Det trur eg me nordmenn har mykje å lære av. Studentane er engasjerte i misjon og evangelisering og litt av det engasjementet har smitta over på meg. Dei er flinke til å vitne om det dei trur på til dei menneska dei møter på, noko eg vil ta med meg vidare.
Når eg ser tilbake har eg lært utruleg mykje. Eg har kanskje ikkje satt så store spor her i Kenya, men opphaldet her har satt spor i meg. Eg er mange opplevingar og erfaringar rikare enn då eg reiste frå Noreg. Studentane har utfordra meg til å ta med meg det eg har lært til Noreg og gje det vidare til fleire. Eg svarte ja til utfordringa og gledar meg til å ta fatt på oppgåva når eg kjem heim!
<Tilbake>